GodtLam

GodtLam er SnillBonde si merkevare for produkta våre knytt til eige sauehald. Produkta frå GodtLam er lokalproduserte kvalitetsvarer. Kjøt frå GodtLam er lokalprodusert kvalitetsmat av kjøt frå gammalnorsk spælsau - ei delikatesse! Kjøtet er magert og møyrt og kan minna om vilt.
Produkta våre blir konserverte etter gamle metodar og oppskrifter. 
Me legg stor vekt på dyrevelferd. Hos oss har dyra det godt!

Under GodtLam finn du eit utval varer som vil variera litt etter årstida. Me har alltid størst utval om hausten.

VIKTIG MELDING! Nettbutikken er open heile sommaren! Henting etter avtale og sending pr post som før!