Personvernerklæring
Nedanfor kan du lesa om korleis me bruker informasjonskapslar på denne nettstaden, og om korleis me samlar inn og handterer opplysningar som er nødvendige for samhandling mellom kunden og SnillBonde. Les vidare dersom du vil vite mer om dette.
Informasjonskapslar
Gjennom Google Analytics bruker me informasjonskapsar som gir oss informasjon om korleis nettsidene våre blir brukt av dei som besøker sida. All informasjonen er anonymisert, og det me får innsyn i er t.d. talet på besøkande, kor dei kjem frå og kva for sider dei har besøkt. I nettbutikken bruker me også informasjonskapslar til å lagre innloggingsdetaljer og for å hugsa kva du har lagt i handlekorga di.
Handtering av personopplysningar
Når du handlar i nettbutikken tar me vare på kontaktinformasjonen du legg inn. Dette er opplysningar me treng for å kunne sende deg varer, og til bruk i regnskapet vårt. Me sel aldri personopplysningar og deler berre informasjon der det er nødvendig å bruke ein tredjepart, som til dømes ein underleverandør på frakt.
Kontaktskjemaet
Dersom du tek kontakt via kontaktskjemaet vårt, vert desse opplysningane lagra i systemet vårt for at me skal kunne gje deg så god service og oppfølging som mogleg.
Ansvarleg for handtering av opplysningane
Dagleg leiar i føretaket, Jan Sigve Særsten Robberstad, er ansvarleg for handteringa av personopplysningane me samlar inn i samband med nettsida og nettbutikken vår. Me gjer det me kan for å følgja reglane som gjeld til ei kvar tid.
Dine rettar
Regelverket gir deg rett til innsyn, retting og sletting av personopplysningene me har lagra om deg. Kontakt dagleg leiar dersom du ønsker dette eller dersom du har spørsmål.