Vilkår for handel hos SnillBonde

Innleiing

Ved bestilling hos oss godtar du våre vilkår for handelen. Alle prisar er oppgjeve i norske kroner (NOK) og MVA er inkludert. Du får ein ordrebekreftelse på e-post når kjøpet ditt er gjennomført, og det er derfor viktig at du oppgir rett e-postadresse.

 

Frakt

Me sender til adresser i heile Noreg, men

  • oppmodar alle som bur i lokalområdet til å henta varene på garden. Det er enkelt å henta hos oss, og me har gode smittevernstiltak som sikrar trygg levering.
  • NB! Ved sending til Svalbard og Jan Mayen: Ta kontakt for manuell bestilling ettersom eigne utrekningar for frakt og mva er naudsynt!

Sending med post kostar kr 99,- inkl mva i Noreg, utanom Svalbard og Jan Mayen. Frosne varer (gjeld t.d. fårikålkjøtt) kan ikkje sendast.

Me vil óg minna om at rabatten i honningkampanjen berre er for deg som hentar varene på garden. Det tyder at dersom du vel sending som leveringsmetode og samstundes legg inn rabattkoden, vil du bli belasta for tilsvarande beløp som rabatten i etterkant. Dette kjem av at kampanjen er retta mot dei som hentar varene på garden, og dette er tydeleg gjort greie for på kampanjesida.

 

Levering 

Varene sendes med Posten seinest påfølgende dag.

 

Betaling

Hos oss kan du betala med Vipps, eller med kort via betalingsleverandøren vår Stripe. Stripe er ein verdsleiande tilbydar av online betalingstenester, og garanterer for at det er trygt for deg å betala i vår nettbutikk. All informasjon i samband med betaling vert sendt kryptert, og me har ikkje på noko tidspunkt tilgang til kortopplysningane du legg inn hos oss.

 

Retur

Dersom du av ein eller annan grunn ikkje ønsker å behalda ei vare, har du i følgje angrerettlova full returrett i 14 dagar etter at vara er motteken. Viktig: Ta kontakt med oss på e-post eller telefon 917 35 873 så snart som råd dersom du ønsker å returnera ei vare, så får du instruksjonar til kva du skal gjere vidare. Varer som skal returnerast må vera uopna, og med heilt intakt emballasje. Minner om at varene våre er ferskvare, som ikkje kan bli liggande i posten. Du betaler sjølv porto for returen dersom returen ikkje skuldast feil frå vår side. Det er viktig at varene vert pakka på ein forsvarleg måte før sending. 

 

Feil og manglar

Dersom du oppdagar feil ved bestillinga eller ei vare er det viktig at du snarast tar kontakt med oss på e-post eller telefon 917 35 873. Feil og manglar må meldast frå om innan rimeleg tid etter at du oppdagar eller burde ha oppdaga feilen. Ta bilde av feilen så snart du oppdagar den og send på e-post til oss. Me vil gjera det me kan for å einast om ei minneleg løysing i slike tilfelle.

 



Partane

Seljar er oss:

  • Formelt namn på føretaket vårt: SNILLBIE Marianne S. Særsten
  • Kontaktadresse: Rubbestadvegen 38, 5427 URANGSVÅG
  • E-post: post@snillbonde.no
  • Telefonnummer: 917 35 873
  • Organisasjonsnummer: 983156142

Kjøpar er deg (den personen som gjer bestillinga).

 

Personopplysningar

Når du handlar i nettbutikken tar me vare på kontaktinformasjonen du legg inn. Dette er opplysningar me treng for å kunne sende deg varer, og til bruk i regnskapet vårt. Me sel aldri personopplysningar og deler berre informasjon der det er nødvendig å bruke ein tredjepart, som til dømes ein underleverandør på frakt.

I nettbutikken bruker me også informasjonskapslar til å lagre innloggingsdetaljer og for å hugsa kva du har lagt i handlekorga di.

Ingen informasjon om betalingskort er tilgjengeleg for oss, sjå meir under betaling.

Dersom du tek kontakt via kontaktskjemaet vårt, vert desse opplysningane lagra i systemet vårt for at me skal kunne gje deg så god service og oppfølging som mogleg.

Regelverket gir deg rett til innsyn, retting og sletting av personopplysningane me har lagra om deg. Kontakt dagleg leiar dersom du ønsker dette eller dersom du har spørsmål.

 

Takk!

Me gjer til eikvar tid alt me kan for at du skal ha ein trygg og hyggeleg handel. Tusen takk for at du handlar hos oss!

Jan Sigve Særsten Robberstad og Marianne Særsten.