Om oss

SnillBonde er nettbutikken til Rubbestad gard på Bømlo. Garden er ei familiebedrift, driven av oss, Marianne Særsten og Jan Sigve Særsten Robberstad. 

Me har halde på med birøkt sidan 1970-talet. I 2012 overtok me familiegarden. Sidan då har me utvikla sterke merkevarer i produktseriane våre SnillBie, GodtLam og GodKu.

SnillBonde garden


For oss er det viktig at dyra har det godt. Alt me gjer er drive av omsorg og kjærleik til dyra, garden, naturen og landskapet rundt oss. 

Det er også viktig for oss å ta vare på tradisjonar og kunnskap om gardsdrift, dyrehald og matproduksjon. Me har samla mykje kunnskap om dette, som ikkje står nedskrive nokon stad, men som er gitt oss vidare gjennom generasjonar.

Til saman gjer dette produkta frå SnillBonde til reine, edle produkt, produsert på ein bærekraftig måte og med omsorg, tradisjonar og tid som viktigaste ingrediensar.

Takk for at du vel å handle hos oss!

Marianne & Jan Sigve