GodKu

Drifta hjå GodKu består av 100% grasbasert kjøttproduksjon. Vestlandske fjordfe er ein verneverdig norsk storferase, og blir i mange samanhengar omtala som «urkua». Dei et vekstar i kulturlandskapet som gras, lauv, knoppar på buskar, lyng, samt mykje anna godt. Dette gir ein sunnare feittsyresamansetjing i kjøttet med eit langt høgare innhald av Omega 3-feittsyrer og lågare nivå av Omega 6-feittsyrer. Kjøttet er høgt skatta av kokkar i alle slags gourmet restaurantar. Dyra våre går fritt heile året, og har god plass for naturleg åtferd. Kalvane som blir fødde hjå oss går med mødrene heile oppveksten, og sug mjølka si frå mor, - derfor kallast også drifta for ammeku drift. Kalvane veks sakte, noko som verkar positivt inn på kjøttmarmoriseringa og smaks utviklinga.

Alle desse faktorane gir eit reint og unikt kjøtt, som er finfibra og mørt, utsøkt marmorering og framifrå feittsyresamansetjing med unik smak som slutt resultat.

Drifta hjå GodKu er tufta på verdibasert bærekraft i matproduksjon og dyrevelferd.

Fjordfe er ofte omtala som Noregs nasjonal ku med røter 5000 år tilbake. I dag finnes der ca 1000 Fjordfe i Norge, og rasen er av FN klassifisert som trua av utrydding.