SnillBie Økologisk Lynghonning

 Økologisk godkjend

Me er stolte over at SnillBie er eit økologisk sertifisert naturprodukt. I juni 2008 vart honningproduksjonen hjå SnillBie økologisk godkjend av Debio.


SnillBie Økologisk godkjend av Debio


Økologisk honning- fri for forureining

Den grunnleggjande tanken bak produksjon av økologisk honning, er å produsera sunn og rein honning – fri for alle slag av forureining. Det særeigne med økologisk honning frå SnillBie, er at bikubane står på øyar med kystlynghei. Næraste nabo er storhavet – og villsauer. Her er ingen forureining frå industri eller plantegift frå landbruk.

SnillBie birøkt i kystlynghei på Bømlo

Fyk ikkje biene kvar dei vil?

– Men fyk ikkje biene kvar dei vil då? kan ein undra seg, – og kanskje til område som er sprøytt med plantegift, eller kunstgjødsel? Eller i område som er forureina av industri og motorvegar?

Svaret er at biene fyk kvar dei vil. Men bikubane (husa deira), er plasserte i eit område som ligg minst 3 km frå slik forureining. 3 km er langt over den strekninga biene fyk bort frå kubane sine.


SnillBie bier

Krav til økologisk drift

I tillegg til dette er der ei lang rekkje krav som lyt oppfyllast. Godkjenningsorgana Debio og Mattilsynet ser nøye etter at dei økologiske krava blir følgt. Til dømes er det slik at om hausten, etter at honningen er teken ut or kubane, får biene økologisk vinterfor. Dette i motsetnad til konvensjonell birøkt der ein brukar sukker.

SnillBie Bie

Godkjenningsmerket frå Debio

All økologisk matproduksjon som er godkjent av Debio og Mattilsynet får lov å bruka godkjenningsmerket for økologisk mat. Me er stolte over og glad for at Snillbie-honningen får bæra dette merket, slik at du kan vera trygg på at det er eit reint produkt du kjøper.

Framtida er økologisk! Det er SnillBie også!

SnillBie Økologisk Lynghonning - godkjent av Debio


Ordforklaringar:

Plantegift:

Gift som bønder og hage-eigarar brukar på plantene for at dei ikkje skal bli angripne av insekt eller plantesjukdomar. Det høyrest kanskje smart ut, men den økologiske bonden synest dette er ein dum ide, fordi han veit at gifta kan drepe ein masse gode ting i jorda, samt slike nyttige dyr som edderkoppar og bier. Dessutan veit ein ikkje sikkert om sprøytinga er farleg for menneske. Det finst ofte litt restar av gift i dei plantene som er blitt sprøyta. Det viser seg at det er langt fleire fuglar på økologisk dyrka jorder, noko ein trur skuldast at jorder sprøyta med plantegift har fått drepe insekt og smådyr som fuglane lever av.

Kunstgjødsel:

Ei blanding av forskjellige stoff som plantene kan bruka for å få ein rask vekst. Den vanlege bonden brukar ofta kunstgjødsel saman med dyremøkk, som vert spreidd på jorda. Den økologiske bonden brukar berre møk frå dyr som gjødsel på jorda. Dette er også tryggare med tanke på våre drikkevatn-kjelder, som ligg under jorda. Kunstgjødsel kan samanliknast med ei vitaminpille som er kunstig laga. Me kan ikkje leva åleine av vitaminpiller – og den er heller ikkje så god som ei ekte gulrot.

Økologi:

Kjem av det greske ordet ”oikos”, som tyder ”hus”, og ”logi”, som tyder ”læra om”. Rett fram tyder det då ”Læra om å halda hus”. I dag vert ordet økologi nytta om mat/dyr/jord som er produsert/halde/dyrka i samsvar med reglane til Debio og Mattilsynet.

Meir om SnillBie:

Bier og honning

SnillBie-eventyret

Produksjon og kvalitet

Snille bier

Her finn du alle SnillBie-produkta!