Om SnillBie
SnillBie er SnillBonde si merkevare for den økologiske lynghonningen me produserer. Verksemda har røter tilbake til 1977 då konfirmasjonspengane til Jan Sigve vart investert i dei første biene og kubane. Seinare har verksemda vakse seg større, kube for kube. Slik ønskjer me det skal vera framover også, målet vårt er ikkje å verta så store som mogleg, men at kvaliteten på honningen skal vera den beste.
Den snille Bia
Omlag femten millionar summande bier i travel aktivitet sørger for å samla inn den honningen du kan kjøpa under merket «SnillBie». Dei arbeider for oss, bur i kubane våre og flyg over lyngheiane på Bømlo, heilt ut mot havet.Me synest det er fantastisk med dei små, arbeidsomme skapningane gir oss den gode honningen.
Birøkt handlar også om avl. Navnet SnillBie gjenspeglar eit målretta arbeid for å avle fram snillare bi-stammer av den lokale norske brunebia. Men mest av alt er det navnet på honningproduktet vårt! Me håper at det vert forbunde med noko godt, og at det er lett å hugse neste gong du er på jakt etter honning.
Frå bi-næring til hovudnæring
Framleis er birøkt bokstaveleg talt ei bi-næring for oss, begge har arbeid ved sida av. Men me ønskjer etter kvart å få det som hovudnæring, og har investert i ny produksjons- og lagerbygning og moderne produksjonsutstyr dei seinare åra.
Vakkert samspel med naturen
Birøkt er eit vakkert og nyttig samspel mellom natur og menneske, og det vil me gjerne formidla her på heimesida vår. Følg lenkene nedanfor og finn ut meir om bier, honning og SnillBie.