SnillBie Økologisk Lynghonning

Produksjon og kvalitet

Den som smaker Snill Bie Lynghonning vil kjenna honningen vår er er fyldig og aromatisk. Dette er eit resultat av lyngkombinasjonen biene trekker på og omsorgsfull innhenting og bearbeiding. Det som særmerker vår lynghonning er kombinasjonen av nektar frå lyngsortane purpurlyng, klokkelyng og røsslyng. 

 

SnillBie Økologisk lynghonning med smak av røsslyng frå kystlyngheia på Bømlo


Honning frå kystlynghei

Purpurlyng finst berre få stader i ytre strøk av Hordaland, samt enkelte stader i Rogaland. Smaken på lynghonningen kan for ein trent gane variera frå år til år, etter kor mykje nektar det er frå kvar av desse tre lyngsortane i honningen – ein kombinasjon som biene sjølv har oppskrifta på!

Birøkt

Biene våre vert røkta med stor omtanke og kunnskap. Slik legg me til rette for at dei skal leva godt og gjera jobben som fører til god honning i kubane. Etter at biene har samla nok inn i kubane (omlag midten av september) hentar me honningen inn frå bi-gardane og tar han inn i produksjonslokala våre.

Honning vert hausta for SnillBie


Produksjonen

Honningen blir då sett på tørkerom ei tid, for å sikre at vatninnhaldet blir rett. Deretter tek me honningen inn på slyngerommet, der honningen blir tatt ut av honningtavlene som biene har laga. Honningen blir deretter grovsilt, og finsilt. Deretter skal honningen setjast til modning. Han blir rørt kvar dag til han får rett konsistens. Til slutt blir han tappa på dei karakteristiske, sekskanta glaskrukkene som du får kjøpt.

Honningproduksjon hos SnillBie


Krav til hygiene og kvalitet

Lokala der lynghonningen blir foredla er godkjent av Mattilsynet, det same er alt materiale i produksjonsutstyret me nyttar. Me set dei strengaste krav til hygiene og kvalitet. Lynghonningen frå SnillBie er ikkje utsett for kunstige inngrep, som t.d. oppvarming, og har heller ikkje fått noko form for tilsetting. SnillBie Lynghonning er eit 100% naturprodukt!

Meir om SnillBie:

Bier og honning

SnillBie-eventyret

Økologisk godkjent

Snille bier

Her finn du alle SnillBie-produkta!