GodtLam frå SnillBonde, Rubbestad, Bømlo

Om GodtLam

GodtLam er SnillBonde si merkevare for produkta våre knytt til eige sauehald. Produkta frå GodtLam er lokalproduserte kvalitetsvarer frå garden vår på Rubbestad på Bømlo. Her finn du blant anna møyrt kjøt i ulike varaiantar og nydelege lammeskinn frå gammalnorsk spælsau.

Logo GodtLam


Gammalnorsk Spælsau

Dei vakre dyra våre stammar frå den gammal­norske sauen, truleg heilt tilbake til vikingtida. Gammalnorsk spælsau vert rekna som etterkommarar av den opprinne­lege sauen i Noreg. Vikingane tok med seg sauen vestover til Island, Grønland, Orknøyane og Shetland.

GodtLam frå SnillBonde Gammal norsk spælsau


Hos oss har dyra det godt!

Arten har vore trua her i Noreg, men blir no tatt godt vare på, mellom anna her på Rubbestad. Me legg stor vekt på dyrevelferd. Hos oss har dyra det godt!

Ei delikatesse

Lammekjøt frå gammalnorsk spælsau er ei delikatesse på linje med villsau. Kjøtet er magert og møyrt og kan minna om vilt. Dette kan du godt eta sjølv om du ikkje er spesielt glad i sau! 


GodtLam Pinnekjøtt av Gammal norsk Spælsau

Tid, tradisjon og omsorg

Me konserverer produkta våre etter gamle metodar og oppskrifter. Tid, tradisjon og omsorg er viktige ingrediensar. Du finn alle produkta i nettbutikken, men det varierer gjennom året kva me har inne.

SnillBonde gard på Rubbestad, Bømlo


Lammeskinn

Skinn og ull frå gammalnorsk spælsau kjem i mange farge­variantar. Dette gir vakre og særeigne produkt. I nettbutikken vår finn du det me har inne til ei kvar tid av dei nydelege lammeskinna.

GodtLam lammeskinn av Gammal norsk spælsau

Held landskapet ope

Gammalnorsk spælsau er ein ­fantastisk pleiar av kulturland­skapet. Sauen er lettbygd og sunn. Dei beitar på varierte beite, både på og rundt Rubbestad på Bømlo og til fjells på urterike beite. Slik er dei med på å halda lanskapet ope og hindrar attgroing. Sauen er utegangar, det vil seie at han er ute heile året.

GodtLam gammalnorsk spælsau

Her finn du alle produkta frå GodtLam