SnillBie Økologisk lynghonning 2,5 kg i antikvitets-spann
SnillBie Økologisk lynghonning 2,5 kg i antikvitets-spann
SnillBie Økologisk lynghonning 2,5 kg i antikvitets-spann
SnillBonde

SnillBie Økologisk lynghonning 2,5 kg i antikvitets-spann

Vanleg pris 2.990,00 kr 0,00 kr Enhetspris per
Mva inkludert.

2,5 kg Økologisk lynghonning frå SnillBie i antikvitets-spann. Spanna vart designa rundt 1911 og gjekk ut av produksjon på slutten av 1970-tallet. Dett er fine og heile spann som ikkje har vore i bruk før. SnillBie-honning vert tappa på ved bestilling.

Honningen frå SnillBie er ein fyldig og aromatisk økologisk honning, hausta frå kystlyngheia på Bømlo, der næraste nabo er villsauen -og storhavet. Området er fritt for kunstgjødsel, plantesprøyting frå landbruk, motorisert trafikk og ureining frå industri.

Den gode smaken og konsistensen på honningen er eit resultat av lyngkombinasjonen biene trekker på (purpurlyng, klokkelyng og røsslyng), og omsorgsfull innhenting og bearbeiding. Honningen er kaldtappa, det vil sei at den har ikkje vore utsett for oppvarming, eller anna form for kunstige inngrep. All honning frå SnillBie er godkjent som økologisk produkt av Debio.